Hei, eg sette igang ein tråd i 2020 på same tema og fekk mange gode svar. Sidan den gang har det skjedd ein del, men det går likelvel tregt. Preferansane til kundane blir i stor grad prega av kva butikkane tilbyr og i mindre grad kva dei har behov for. Håpet er at forum som dette kan påvirke kva produsentane tilbyr. Aasnes ser ut til å vere på veg med Nosi og Rabb skia med midtfelle mulegheit, men er det nokon her som har erfaring med desse og vil dele. Denne testen var veldig positiv, neste for godt til å vere sann, er det nokon som kan bekrefte den og gjerne seie noko om korleis skia fungerer å gå på? Den optimale skia finst neppe, men kva ski kjem nærast er spørsmålet. Finst det andre alternativ med midt fell som eg ikkje har funne?

Det samme gjeld sko og binding. Alfa ser ut til å prøve, og reklamerer hardt, men feilar etter mitt syn ved at den ikkje let seg kombinere med tradisjonell randobinding og ser ut til å vere for mjuk. Etter litt erfaring med Fischer Transalp sine sko er det ikkje mykje som skal til for å få ein sko ein kan gå langt og flatt med også. Men skjer det noko på bindingssida som gjev litt motstand framover når ein går så skia ikkje heng så laust?

Redigert av Oddbjørn Brulan; 26/03/2022 2:24 PM.