Hei,

Bestemt meg for å gå til innkjøp av nye ski. Håpar at nokon som har betre kunnskap på dagens ski der ute kan hjelpe til med valget. Står i dag på eldre (2014) Kastle tx 97 i 177 og har god erfaring med Camox FB i 183 (2017 utgava).

Bruksområdet er topptur, "kvardagsski", som skal bli brukt til alle forhold med unntak av riktig djupe dagar.

Eg er 179 og 90kg. Taklar fint dei fleste forhold, men på gjennomslagsskare (typ når topplaget frys att på kvelden når eg på tur etter jobb) er fortsatt ei utfordring - særlig om snøen er djup under skorpa. Men det går, berre ikkje så "smooth".

Kastle skia opplev eg som stabil nok og grei, men kunne tenkt meg ei ski med meir leikande tail, særlig til dei gongane snøen er meir utfordrande. Savnar at skia skal sleppe taket litt lettare; ein litt meir laus og flytande svinge følelse. Kastle'en er svært direkte og presis i svingen. Camoxen var flott i høgre fart, litt meir flytande følelse i svingen, men det vart litt mykje ski for meg i skogen og andre stadar ein måtte være litt rask i vendinga.

Leitar i grunnen etter eit midtpunkt mellom desse to skia. Tenker på følgande:
Dynafit Free 97, 177
Black crows navis, 179
Camox i 178
SGN Hurrungane 183
Salomon QST 98 183 (vektmessig tung, men taildesignet ser morsomt ut).

Vil gjerne høre kva de tenke, og om der er andre ski eg burde vurdere. :-)