Heilt normalt, og ingen grunn til å endre på det. Videoen som er lagra på kassetten tek ca. 13GB per time. Om det same klippet med Moviemaker vert 1/15 av storleiken som med Vegas er det nok komprimert veldig mykje, og ein får truleg dårlegare kvalitet. Brenn du ein DVD frå dei klippa vil eg tippe du vert litt skuffa. Den beste løysinga om du får lite diskplass er å kjøpe ein ny harddisk, dei koster ikkje so enormt mykje. Veit ikkje om det er mogeleg å leggje over video i lågare kvalitet i Vegas, men eg ville ikkje gjort det heller.