Litt meir om dei enkelte programma.
Gimp/Gimpshop vert sett på som det beste gratisalternativet til Photoshop, og har relativt mange avanserte funksjonar. Paint.net har vorte utvikla med støtte av Microsoft trur eg, og er meint å vere eit betre alternativ til Paint. Photofiltre veit eg ingenting om, men her er ein liten artikkel frå Hardware.no: http://www.hardware.no/nyheter/programvare/programtips_photofiltre/26958
Kva som er enklast veit eg ikkje, då eg ikkje har prøvd alle, men eg vil tru Paint.net eller Photofiltre.
Kom forresten på eit par til:
Picasa:http://picasa.google.com/
Dette er mest retta mot organisering av bilete, men har nokre enkle verktøy for redigering òg.
Irfanview:http://www.irfanview.com/
Dette er i utgangspunktet laga for å vise bilete, men har ein del verktøy òg. Sjå her for ei full liste: http://www.irfanview.com/main_what_is_engl.htm
Det vert kanskje litt vanskeleg å velge, men det er no berre å prøve eit. Begynn med Paint.net, og om dette ikkje er godt nok, eller du ikkje liker det, prøv eit anna.