Køyre både med G3 Ascent og Voile Switchback. Supre gåbindingar begge to. Har hatt problem med helløftar til G3 med at denne har knekt i heva posisjon ("brukt" 4 stk). Monterte sjølv på Voile sin hel med to høgder. Måtte heve den med 1 cm, men det gjekk fint med plexiglas.
Voile: Finn den meir solid enn G3 og lettare. Meir vridningsstiv. Likar at helløftar har to høgder. Enkelte hevdar at den poppar ut av låsing under tøff køyring. Eg har ikkje opplevd dette.
G3: Ok binding. Likar som sagt ikkje helløftar. Dette problemet har eg løyst. Det som eg tykkjer er bra med denne er at du får skarejern som er tilpassa bindingen.
Om eg skal ein av dei ville eg gått for G3 pga dette med skarjern. Men ville då ha skifte helløftar slik som eg har gjort. Treng ein ikkje skarejern vile eg valgt Voile.
Vurderar sjølv NTN med same ski som du har evt K2 coomback. Vil følge tråden din med interesse.