Har vore veldig mange trådar om dette, og Line sitt team, på Newschoolers. Og sjølv om det er mykje der som ikkje er anna enn rykter, so kan ein vel relativt trygt seie at Wilson no køyrer for Salomon, ja. Grunnen til dette har og vorte diskutert ein del. Nokon meiner det er fordi Line ville at Wilson skulle køyre med Line sine bindingar, noko han ikkje ville, fordi dei visstnok skal vere ganske dårlege: tunge og vert lett øydelagd. Uansett kva som er grunnen, so køyrer han på Salomon.
Det er nesten ingen att på teamet til Line no, berre Pollard, Ashley Battersby, Brandon Becker, og kanskje Craig Coker (om ein skal tru rykter frå NS...). Når det gjeld dei andre: Mike Nick har lagt opp, Skogen Sprang har gått over til Völkl, Michelle Parker og Josh Bibby har gått over til K2, og Dash Longe veit eg ikkje kva merke køyrer for.
Dette kan vere pga. at Line har tapt so mykje pengar på utvikling av ein binding som stort sett får negativ omtale, og ikkje ein gong vert brukt av t.d. Eric Pollard (som bruker Salomon), utan å få so mykje att for det.
Men når det gjeld kva merke folk køyrer for, so er det ikkje berre kva som er best (går heller ikkje an å seie at eitt merke er best...), men og kva dei betaler. Folka skal jo tross alt leve av sporten, og Salomon har meir pengar enn Line, so enkelt er det.
Salomon sjølv har jo og mista ein god del køyrarar dei siste par åra, Candide, Niklas Karlstrøm, Vincent Dorion, og nokre fleire som eg ikkje hugser no. Men so har dei supplert med Mike Wilson og Mark Abma då...