Reknar med at so lenge ein har eit redigeringsprogram som takler HDV, so kan det programmet eksportere videoen i vanleg PAL-standard (for DVD) eller mindre for internett. Ingen grunn til at det skal vere vanskelegare å eksportere til eit lite format berre fordi utgangspunktet er litt større.
Det som er vanskelegare er å redigere materialet på ein effektiv og god måte. På grunn av måten videoen er komprimert på må den ofte behandlast av programmet før det kan redigerast. Dei ulike programma gjer dette på ulike måtar, kva som er best skal eg ikkje seie.
Når det gjeld å brenne til DVD so går det an, men du kan so langt ikkje brenne i den same oppløysninga. Den må skalerast ned frå 1280*720/1920*1080 til PAL-standarden, 720*576. Det må du gjere fram til du får ein HD DVD- eller Blu Ray-brennar, og folk flest kan spele av ei HD DVD- eller Blu Rat-plate.