Det er fleire måtar å gjere det på, men den mest fleksible måten å gjere det på er kanskje masker. Kort fortalt:1. Lag eit nytt dokument som er so stor du vil collagen skal vere.2. Set inn alle bileta som skal vere med i collagen, anten ved å velge File --> Place, eller ved å opne alle saman og dra dei over i collagen. Kvart bilete vil kome på sitt eige layer.3. Skaler dei og flytt dei omlag slik du vil ha dei. om du brukte metode nr. 2 for å få dei inn i collagen, trykk Ctrl + T for å gjere det.4. Legg til ei maske på alle layera. Det gjer du ved å velge Layer --> Add layer mask --> Reveal all.
Når du gjer det vil du sjå at det dukker opp ein kvit firkant ved layeret, i layerpaletten (det vetle vindauget nede til venstre der alle layera er). Dette er maska.
Ei maske fungerer slik at den nytter seg av gråtonar (alt frå heilt kvitt til heilt svart) for å bestemme kva deler av eit layer som skal vere synleg, og i kva grad. Kvitt tilsvarer heilt synleg, svart heilt usynleg, og 50% grått halvvegs gjennomsiktig (same som 50% opacity).
Ved å bruke ein stor og mjuk pensel i svart, og teikne rundt kanten på bileta (når maska er aktiv), kan du få ein slik effekt. Mal over med svart alle områda du vil fjerne. Om du fjerner for mykje, skift farge til kvit, og mal over på ny, so vil det verte synleg att.
Ein annan metode, som kanskje er litt enklare, men mindre fleksibel, er å bruke feather på markerte område. Igjen, kort fortalt:1-3. Same som over.4. Bruk eit av markeringsverktøya. Det kan vere rectangular marquee, elliptical marquee, lasso tool, polygonal lasso tool, eller kva no enn du vil bruke. Marker det området av layeret du vil behalde.5. Gå til Select --> Feather (hurtigtast er Alt + Ctrl + D), og skriv inn eit litt stort tal der. Akkurat kor stor det det er avheng av oppløysninga til bileta, og kor mjuk overgang du vil det skal vere. Klikk OK etterpå.6. Gå fyrst til Select --> Inverse, og trykk so Delete.