Vegas kjem berre til Windows, og det er fleire som likar det betre enn PPro. At du aldri korkje har sett eller høyrd om det betyr berre at du ikkje ser so veldig langt forbi din eigen PC og PPro. Det er eit godt kjend og godt likt program.
Begge er uansett gode program, og kva for eit av dei de bruker skulle ikkje ha so veldig mykje å seie. Til dømes bruker ? eller iallfall har brukt ? Filip Christensen Vegas. Avid Liquid er eit anna godt alternativ.
Til Mac har ein for augeblikket hovudsakleg to produsentar som alternativ: Apple ? med iMovie, Final Cut Express og Final Cut Studio ? og Avid med Xpress Pro. Seinare i år vil Adobe lansere Production Studio (med mellom anna PPro) for Mac, so då vert det eit alternativ til.