Jaja, det tok nokre dagar, men den kom no ned. Kjekk film. Skal eg kritisere noko må det vere at enkelte partar slutta litt brått, og at det var veldig varierande kvalitet på opptaka. Dette siste er det vel ingenting å gjere med når de for det meste bruker eit XH A1, og legg inn klipp frå diverse DV-kamera mellom.
Ein annan ting er at de burde komprimert videoen. Er eigentleg fullstendig meiningslaust å leggje ut ein 28min lang video på 1,82GB, når det ikkje ein gong er HD. Komprimer videoen med x264 eller XviD, lyden med LAME MP3 eller Ogg Vorbis, og de kjem lett ned i 200-250MB med heilt fin kvalitet.