Før eg seier noko anna, so vil eg anbefale deg å kjøpe eit miniDV-kamera, ikkje eit harddiskbasert kamera. Det er eit betre alternativ av fleire grunner:-Mindre komprimering av video, betre kvalitet.-Lettare redigering. Harddisk-kamera bruker ofte MPEG2 til å lagre videoen, og det er langt frå alle program som klarer å redigere dette uten problem. Det følgjer kanskje med eit program, men om det har alt du ynskjer av det, er ein heilt anna sak...
Harddisk/flashminne er truleg vegen det vil gå når det gjeld videokamera, men slik situasjonen er i dag, er miniDV det beste alternativet.
Når det gjeld PAL vs. NTSC:
Eg såg på heimesidene til JVC i Noreg og i USA, for å samanlikne. Den amerikanske versjonen sin beste kvalitet for filming var 720*480/60fps, som tilsvarer NTSC. Den norske/europeiske sin beste kvalitet var 720*576/50fps, som tilsvarer PAL.
So utan at eg har noko meir kjennskap om emnet, so ser det ut som det er forskjell, og det vil difor vere best å kjøpe i Noreg.