Lurer på kva erfaringar folk har med polariseringsfilter og skifotografering. Filteret hindrar litt lys å passere objektivet, og lukkertida må nødvendigvis også bli treigare (kan sjølvsagt kompansere med større blendar og høgare ISO, men dette er heller ikkje ynskjeleg å "tyne" for masse).
Har nokon erfaringar med at filteret hindrar for mykje lys til å sleppe inn slik at lukkartida blir for langsam til å fryse skikøyraren?
Er det nokon som har hatt gode erfaringar å bruke dette polyfilteret på eit vidvinkelobjektiv (for eks. sigma 10-20mm) på toppturar+ landskap\ skikøyring) ?
Diggar dette filteret når det framhevar konstrast mellom blå himmel og skyer!
på førehand takk for innspel:)