Har hatt bergansjakke med magnetar i flappen. Genialt system eigentleg, men har og forstått det slik at det kan ødelegge for skredsøkaren. har aldri hatt problem med skikort og magnetar.
Eg kan aldri sjå for meg at du klarar å ødelegge skredsøkaren med ein magnet. Det som skjer er at du forstyrrar bølgene som vert sendte frå sender/mottakaren din slik at dei som skal finne deg får ein unøyaktig/feil possisjon og verdigfull tid går tapt.
Grunna dette gikk eg i heile fjor med min skredsøkar i ei lomme på buksa. Dette etter råd frå Emanuell genzchWein som har vore me då utvikla Mammut Barrywox og Puls. Særs viktig då forøvrig at det er ei lomme med god glidelås. Dette er og ei betre løysing i påskefjellet der ein ofte kastar jakka og går med S/M ytterst, noko som ikkje er bra!