Eg er einig med deg der Barras. Eg unna Rottefella mykje skryt for mange av produkta, men eg vil påstå at ein kan kreve litt meir av ein binding enn det Rottefella har klart å levere med NTN. Dei får tåle litt pepper meiner eg.
Eg har 2. generasjon NTN binding og dette er problema:
Fronthuset var laust: Monteringsplata har alltid stått fast, så det eg ingen problem med den. Problemet har vore at gjengene der ein skrur fast fronthuset ned på monteringsplata har blitt slitt vekk. Det var då sjølvsagt gjengene på fronthuset som blei slitt vekk, og ikkje på skruen. Det resulterte i at eg måtte ha nytt fronthus. Dette skjedde to gonger.
Det andre problemet var at fjøyrene poppar ut. Dette skjedde når eg gjekk. Det heile starta med at eg byrja å høyre ein "klikke" lyd frå bindingen kvar gong eg bøgde den. Til slutt spratt den eine fjøyra av. Det gjekk an å skru den på igjen, men eg har merka i seinare tid at fjøyrene skrur seg litt om litt utover. Klikke lyden kjem og går av og til og eg må passe på å skru fjøyrene på plass igjen. Eg har fjøyrene(blå) stilt opp mot max.
Det tredje problemet er at helløftaren detter ned etter ei stund eg har gått med dei. Dette fungera greit vist eg passa på at smørje desse ledda med olje, men fryktelig irriterande dei dagane når eg har gløymt å gjere det. Eg synast det er lite å forlange at ein helløftar ikkje skal trenge smøring.
Forbetring:Dei fyrste forbetringane er jo sjølvsagt å forbetre dei problema eg har skildra over.
Eit anna problem er gåfunksjonen til NTN. Det er ikkje mogleg å bøye bindingen 90grader i forhold til skia slik som ein kan gjere med ein randoneebinding. Dette medfører at når eg går på skia så får eg ikkje bøgde bindinga godt nokk fram på den bakerste foten. Dette resultera i at når eg skal skli den bakerste skia framover, så får eg eit lite rykk i foten og eg løftar bakenden av skia litt over bakken istaden for å skli skia framover på normal måte. Særs vanskelig å forklare, men håpa dykk forstår. Skal prøve å legge ut nokre forklarande bileter om det er nødvendig.
Dette var ikkje eit problem med dei eldre bindingane utan gåfunksjon, fordi ein hadde ein jamn motstand når ein bøgde framskia. Ein får ikkje det rykket i foten som ein gjer på NTN.
Det skal seiast at det kan vere ein fordel at ein ikkje kan bøye bindingen 90grader i ein situasjon. Det er når ein skal snu seg med ski på beina i ein bratt bakke. Då er det ganske frustrerande når skia dingla slik den gjer på ei randoneeski, men eg vil påstå at det går fint an å leve med når ein får inn teknikken.
For meg er NTN ein binding som kan nyttast i slalombakken. Der treng ein ikkje å gå med bindingen og ein har kort veg heim til verkstaden:)