Kvar blei det av den legendarsike "ka skjedde egentlig med TUA?-tråden?" Eg søkte på den og fann han, men kjem ikkje inn på den. Har friflyt sperra den. Er dei så fanga av marknadskreftene at dei ikkje let oss drøyme tilbake til smale ski, skinnsko, og slarkete telemarksbindingar?
Eg fekk tre par godt brukte TUA til jul, og driv å monterer binding på det eine paret no. Gler meg til å kjenne på den gamle skikjensla. Kanskje litt spent også. Det er lenge sidan no. Det er så mykje som har skjedd. Plastsko, twintip, rando og rocker.
-b