Heisann! Eg skal ha meg nye ski men gjerne fjorårsmodellen slik at eg slepp billigare unna (ja, eg er sunnmøring). Er 190cm høg, 90 kilo og skal ha ski som funker bra på topptur. Er ein friskus så dei treng ikkje å vere så veldig pinglelette... Drøymer om pudder så flyten må vere god der. Blir nok en og anna tur i trekk men det blir minimalt og kan (nesten) sjåast heilt vekk frå. Har stått en del på telemark men det skortar på kunnskapen om dagens marked.
Altså: Har godtfolket forslag om modeller, lengder osv, osv? I alle prisklasser og også årets modeller trass merknaden over...
Takk!