Eg har ein plan om å kjøpe meg T1, men er usikker om det er veldig stor forskjell på den eg har no som er T2 og den svarte storebroren. Køyrer for det meste ZAG Gold 191 og utanfor løyper, men nokon gonger må eg jo inn i pisten for å komme til trekket igjen. Då kjenner eg hvor håplaus eg er med kombinasjonen T2/ZAG Gold. Skia er tung å få på skjær og det blir mest paralellsving ned til heisen. Etter nokon turar er eg dønn utslitt. I laus snø funker det fint.
Nokon som har erfaring med eit slikt bytte? Vil eg være i stand til å få meir press på kanten med T1, eller er det samma greia? I tillegg sitter festet på leggmuskelen min ganske høgt så fra ankelen og opp til tjukkleggen er det skikkelig tynne kyllingbein. Får liksom ikkje stramma orntl'i inn rundt leggen og beina blir vinglete inne i støvelen(T2). Merker det samme på randostøvlene.Dette kunne jo blitt betre med ein formstøpt innerstøvel. Nokon som veit om ein plass dei gjer dette i Norge? Har sjølvsagt Scarpa sin formstøpte, men den er som sagt for god plass rundt leggen.