Eg er ein kar som kjøpte desse skia frå TP i vår faktisk. Køyrer telemark,og har montert Hammerhead telemarkbindingar på dei. Eg er 1,76/77kg, og har skia i 1,78. Greitt nok at dei ikkje er så breie på midten, men køyreopplevingar kan vera så mykje. Dette er ei ski som tåler stor fart, er stabile, og bit utruleg godt ifrå seg på hardt/isete underlag. Her i Myrkdalen har eg ikkje vore redd for å ta dei med meg i laussnøen heller, går bra d også. Skia har vore med meg på nokre toppturar, m.a. i Indre Sogn ein stad, og dei har gjeve meg mykje moro på nedturane. Ser på skia som verkeleg gode all-fjells-ski som er moro å eiga. Dette er flotte og solide ski. Kan nemna at dei fekk særs god kritikk i test i "Åka skidor" nr. 5/07, men også i nokre andre testar eg har funne på nettet. Sjekk ellers ut Støckli outdoor sport...