Når ein går over til NTN ifrå andre bindingssystemer, så virker det med ein gong veldig mykje stivare enn dei fleste andre typar. Dette er ein vanesak som kjem seg etter litt. Det som er faren medan ein vennar seg til dette er at ein ikkje får bakfoten langt nok bak. Ein vert køyrande litt smalt, og då kan det fort verta vanskeleg å få nok trykk på den innerste skia. Med større avstand i fartsretningen vil ein oppnå betre forutsetningar for (fordeling av) trykk på begge ski.