Ein wire er med på å presse bakskia ned, det er viktig spesielt for å ha trykk på innerskia. Vanlegvis er det for lite bøyemotstand i berre skoen. I tillegg gir det meir stabilitet sideveis dersom du køyrer med skinnsko. Men det er litt smak og behag kor mykje bøyemmotstand som er ønskelig, eg vil ha mykje, andre føler at dei må dra seg fram i kvar sving dersom motstanden er stor. Sjølsagt har det med vekt å gjere også. Meir trykk på innerski er nødvendig for å dra på når det er bratt og vanskelig.