Med bruktkjøp får du litt meir for pengane, og det er ikkje så tragisk om du har kjøpt ski som ikkje passer din kjørestil eller der du syns det er gøy å kjøre. Mi erfaring er at ei god allroundski er å foretrekke, eg har erkjent at bunnløs urørt pudder er kun unntakstilstand, i heis/trekkbasert leik handler det ofte om å holde på i meir og mindre oppkjørt snø i og utanfor løypene. Ski som Mantra eller Titan Nine skulle duge, og sikkert mange andre. Mitt tips er siden du spør, ei ski som er ganske stiv, moderat innsvinga, ikkje spesielt tenkt til pudder, og lang nok. Ikkje ver redd for lengde, har den litt innsving som Nine og Mantra har, svinger den lett nok. Eg har din kroppslengde og kjører på 193cm lengde (Titan pro). Sko må være passe stiv/høg og god på foten. Det siste er viktigst av alt. R8 har fungert supert for meg i årevis, og med 100 kilo gubbe skulle det vere nok belastning til å herpe dei hvis dei var dårlig.