Overaskar meg ikkje i det heile. Flest ulykker i trafikken skjer jo når det er masse trafikk på vegane i rushen!
Eit anna moment i tilleg til været ved faregrad 4-5 er jo at tegne blir svært så tydelige ved slike faregrader. hyppige og relativt store sjølvutløyste skred og mest truleg oppsprekking og whom lydar i snødekket. Altså skjønar alle og ein kvar at i dag er det farleg.
Grad 2 er jo nokså greie forhold, men ein må hugse at enkeltheng kan ha eit heil anna snødekke enn området rundt. Dette syner viktigheiten av å også vurdere enkeltheng på tur både opp og ned og ikkje berre slå seg til ro med det ein finn ut frå parkeringsplassen.
Har sjølv vore på tur i det vi anslo for grad 4, og vi var ikkje i tvil om at det var farleg for å seie det slik og la sporet særs konservativt og trygt. Ved fleire høver løyste vi ut småheng berre ved å gå fram på den konvekse kulen på oversida.