Er ikkje i tvil om at Kuro er ei kjempeski med stort bruksområde. Har den sjølv saman med K2 sidestash og eit par atomic med dynafit. Endar opp med å bruke kuroen på 70-80 prosent av turane mine. Eg ville dog aldri hatt denne som einaste ski. Den er rimeleg horribel på hardt føre og det er ei utfordring for å seie det mildt å skrense seg ned isete og harde parti. Den er derimot heilt sjef i skog, slush, vindpakka snø, gjennomslagsføre og klart lausnø. Den treng ikkje mykje mjuk snø for å funke bra og den carvar utruleg nok bra i bakke sålenge det er mjukt. Men det er håplaust å stå rett fram på hardt underlag/løype på dei...blir meir som å stå på grytelokk.. 
Skal du ha ei ski du kan kose deg med KVAR dag går du for gotama....skal du ha ei ski du kan kose deg glugg i hel på veldig ofte går du for Kuro.
Gotama er meir all round enn Kuro.
og ang vekt så må ein rekne med ein 6-7 kilo med slik type utstyr. Opplever sjeldan vekt som noko problem anna enn når ein skal gå langt og ikkje veldig bratt.