Å få til å stå på ski utanfor bakke er i og for seg ikkje så veldig vanskeleg. Stort sett går det på å ligge litt meir bakpå, spesielt i lausnnø.
MEN..!! står du utanfor løypa kjem mellom anna dette med terrengvurdering inn i bilde opp i mot snøras spesielt. Det lærer du ikkje fram til mars. Så hald deg i skinnet og på trygge plassar som er merka opp av folk i skiheisen er mitt råd. Lær deg å gjennkjenne skredfarleg terreng, og skaff deg gjerne eit kompass med inclinometer for å måle bratthet(bratthet større enn 30 grader= potensielt skredfarleg terreng)
Det å stole blint på folk som er med deg som kan meir er også litt skummelt. Kan aldri vere heilt sikker på kor mykje eller lite som skal til for å utløyse snøras.
Men begynd å skaffe deg kunnskap om snøskred og ferdsel i fjellet vinterstid paralellt med at du står på ski så er du mykje betre rusta til å vurdere forholda sjølv.... :):)Det er ein del av det å vere god på ski utanfor preppa bakke det også etter mi meining!:razzGod tur!