Går utifra at du ikkje er langt unna 0,1 tonn med den kroppslengda, du er med andre ord bygd for fart og spenning. Er stor og fæl sjøl, og kjører på Blizzard Titan Pro, stive som 30mm armeringsjern. Kjempegøy i oppkjørt snø og ujevne forhold, funker bra i preppa løype også, men må ha litt godt med fart for å få på skjær. Ikkje vær redd for stive ski så lenge det ikkje er pudder du er mest i.