Begynn gjerne med eit heilkroppsprogram viss du ikkje har trent styrke før. Viktig å trene heile kroppen for å unngå treningsskadar! Det held med 3 styrketreningsøkter i veka, kroppen skal få tid til å ta seg inn igjen. Driv du med annan idrett skal det gå fint å kombinere desse med styrketreninga. Hugs riktig mat og tilstrekkeleg med restitusjon, det er når du kviler etter treningsøkta kroppen får mogelegheit til å utvikle seg, ikkje når du trenar!
Ellers er knebøy ein super øvelse for skikøyring. Men køyr i tillegg til maks styrke også uthald i denne øvinga, feks svært lett vektbelastning 40-60 reps. Viss du har motbakkar/fjell i nærleiken så er motbakkeløp/gå med tung sekk anbefalt på det sterkaste og, då dette er ein fin måte å trene kjernemuskulatur, balanse og uthald på. Har sjølv god erfaring med dette :wink
Hugs også å tren allsidig. Ikkje bare styrke i lår. Kjør mage, rygg, skuldre og armar i tilleg, og ikkje minst kondisjonstrening, dette er både skadeførebuande og styrkande. Ein allsidig trent kropp er viktig for gode resultat uansett idrett!
Viktig:Noko heilt anna er at menneskekroppen ikkje er klar for styrketrening før den er ferdig "utvikla", dvs at du ikkje veks meir, viss ikkje har kroppen nok med å vekse. Trening med tung belastning i denne perioden fører lett med seg skadar, så vær muligens forsiktig. Men du er gjerne klar for denne treninga i ein alder av 14
Så lukke til med treninga og ha ein strålandes skisesong :wink