Eg har fått eit «lite» problem med mine Kneissl Tanker. Påska endte med delaminering av dei første 25 cm frå tuppen etter ein kollisjon med ein liten snøhaug (sjå brukerbildeserie). Ingenting er knekt eller benda, dei er berre gått opp i liminga i området før trekjerna startar.
Nokon som har erfaring med reparering av slikt, er det mulig å få ein slik reparasjon til å vare? Proffesjonell hjelp er utelukka, det blir vel litt for dyrt på ei ski som allereide har vart i ~120 skidagar og som er generelt litt herja.
Planen så langt er utføre litt juleverkstadarbeid og lime dei sammen igjen med denne typen epoxy:
http://www.cascono.dk/_upl/pdf/p2801.pdf
tvinge dei sammen med mange tvinger tett i tett og la det herde i varmen av ein vifteomn. I tillegg så funderer eg på om eg skal sette tre kraftige popnaglar eller små maskinskruar med mutter i tuppen for å styrke dei ytterlegare. Seinare modellar av Tanker har naglar i tuppen.
Tips til utføring av liming, type lim som er betre egna og «nagling» mottas gjerne
God Jul