Vil berre sei min meining om det heile : Det der med at jibbere trur dei eiger heile bakken og sånt, er vel ganske gjensidig med alpinistar ?

Parken, der jibbere tilbringer mest tid, er kun eit bittelite område av bakken, mens alpinistane okkuperar heile løyper. Eg hugsar ein episode i fjor, i Voss Fjellandsby. Eg og ein kompis ville køyra litt pudder, så me tok eit trekk som hadde bra puddermuligheitar. Når me kom opp på toppen, fekk me beskjed av ein alpinledar om at alle løypene vart brukt til trening og konkurrering, så me hadde kun eitt valg, og det var å velge den einaste løypo som var ledig for å komme oss ned igjen, og der var det liksom ikkje noko pudder, så det var litt nedtur.

Hugsar også når eg var på Folgefonna i fjor. Me kom opp med bussen på dag nr.1 , og alt me såg var sånne slalom-portar eller utfor-portar eller kva det no enn heiter. Det er ikkje overdriving at 3/4 av løyper og alt sånt var okkupert av alpinist-folkene. Dei hadde òg sin eigen inngang, så dei kunne spasere rett forbi alle andre som stod i kø, og enkelt og greit ta t-kroken, mens alle andre hadde stått i kanskje 10 eller 15 minutt i kø.

Veit ikkje heilt eg? Synest jibbarane burde få ha den lille flekken av bakken , nemlig parken, for seg sjølv eg ? Så klart er det nokon som trur dei er verdt meir enn andre, men slik vil det alltid vere uansett. Alpinist-folkene er absolutt ikkje noko unntak når det gjeld å føle seg meir verdt enn andre.

I fjor var det ein episode mellom ein tilfeldig mann på 40-50 år , og ein alpinist fyr på samme alder, der den alpinist-fyren sneik i køen, og han andre reagerte. Det endte med at alpinist-fyren blei slått ned.

Så det med at jibbarane trur dei eiger bakken, er vel litt feil, når dei kun vil vere inne på det lille området i bakken (altså parken) , mens alpinistane setter opp skilt om at heile løyper er stengt pga trening osv.. ? :wink