Eg har vore der på campen tidlegare, og eg vil ikkje anbefale nokon å delta der - spesielt ikkje folk på 24 år. Det beste, har eg er erfart, er å dra til fonna med forhåndsbestilt hus i sentrum/espedalen etc, eller bu i telt dersom det er digg vær. Slik eg ser det var campen berre eit pengesluk. Du betalar for heiskort i 5 dagar, buss opp til breen og litt shabby grillmat. Det kostar IKKJE 3500 spenn dersom du fiksar alt sjølv.

I tillegg er campen full av shitkids, så eg trur ikkje du som 24-åring har noko å hente der. Når det gjeld alkohol så er det jo klart at foreldra må stole på at arrangørane har nulltoleranse mot alkohol. Dette gjeld jo naturlegvis KUN dei som er under 18 år. Dei kan jo ikkje nekte folk å ta seg ein øl dersom dei er myndige osb.