Kan ikkje hugse eg har sett Candide ta flatspin på corner...
Det han tok i Superpark 4 (som er på bl.a. Happy Dayz og Ski Movie 3) var ein 360 tail og ein cork 5 double grab. Han tok forresten to cork 5. Og der hoppa han jo OVER ein heil hip, so det blir vel egentleg rekna som eit hopp, og ikkje corner.
Når eg sa flatspin, var det fordi eg fyrst las om dette på skifilm.no-forumet, der Andreas Håtveit sjølv sa: "Yo, den verdensrekord greia er ikke så mye og bry seg om.... var bare en bra session på en hip og noen mener jeg gjore verdens høyeste trik(flatspin 36 fot out..) peace". Eg rekna då med at det var den som var på War-coveret.
Og ein har ofte litt slingringsmonn når det gjeld å namngje triks, so ein kan ha kalla det ein flatspin sjølv om den ikkje var heilt flat.