Hei hei,
Det er mykje padling på Voss under Veko. Bur du på campen på Bømoen, finn du heilt sikkert mange på ditt nivå, det vere seg nybyrjar eller fossemongo. Innanfor grad 2 til 4 finn du det meste av dei vanlige padlestrekka på Voss, der det meste ligg nærare 4 enn 2. grad 2 er typisk Skjelvika, den vanlige nybyrjarturen på Voss. Denne er veldig kort, men inneheld eit par gode leikeplassar, som busstopp-valsa i botn. Nedredelen av Strandaelva (frå under Money Drop til Tvinde Camping) kan vel beskrivast som grad 3. Her finn du parallellutfor-strekket og Kvernhusfossen. Raudalselva er opp mot, og over, grad 4 stort sett over alt, men Urdland-Meiringen og Skytebanestrekket er dei enklaste og med ein kjentmann er dei greie turar sjølv om ein ikkje har allverdens erfaring (no veit eg jo ikkje kor mykje du har, men eg tolkar det litt i den retning på tonen i innlegget ditt)