Ser ikkje heilt kvifor so mange meiner Yearbook er blant dei beste. Ikkje det at filmen ikkje er bra, men det er mykje negativt som gjer at den ikkje er like bra som t.d. Focused:-Til dels oppbrukt musikk. -For mykje Ski-BASEing.-Seth hadde ein dårlegare part enn i Focused.-Parten til Mark Abma vart "avbrutt" for fort av snakking. (Ikkje at eg har noko i mot litt snakking, men den fyrste monologen kom på eit dårleg tidspunkt, som gjorde at parten "stoppa litt opp")-Slutten på parten til Tanner Hall var heller dårleg (i høve til resten av parten)

Dette er ikkje for å krangle, eg berre uttrykker mine meiningar. Eg vart skuffa fyrste gongen eg såg Yearbook, etter å sett Focused.

Og eg seier ikkje at heile filmen var dårleg heller: Partane til Abma og Tanner var veldig bra med unnatak av det eg nemnte, Tanner Rainville var eit høgdepunkt (finaste switch 720 nokon sinne...), og det same var Rory Bushfield og Eric Pollard. Men samla sett likte eg Focused mykje betre.