Det eg sa om seriøsitet:Eg meinte då ikkje at alle trådar skal vere seriøse til det punktet at det vert kjedeleg å lese. Ein kan føre skikkelege diskusjonar sjølv om ikkje alt er heilt innanfor tema, og ein seier ein del ting på spøk. Poenget er at seriøse diskusjonar ikkje inneheld innlegg som er heilt urelevante. Det kan kanskje seiast at eg motseier meg sjølv litt, då eg skriv dette i denne tråden, menmen...

Det kan for den saks skuld vere eg overreagerer litt, og eg håper ingen vart fornærma av det førre innlegget mitt. Men eg meiner det eg seier.