[skibum]:Som Mikko.A sa: FF treng reklamen for å ha råd til å drive sida, so sjølv om du irriterer deg vil det ikkje hjelpe å klage. Dessutan er det litt rart at du vert plaga av den eine reklamen, når det er rundt eitt dusin andre på sida, opptil fleire av dei animerte.
Og hadde dette vore ein seriøs klage ville du ha lagt dette innlegget i "Om friflyt.no"-forumet i staden for her.
Norsk Honning, Veggi, børt løs-hæl, Totte, DBS Power, espnR (og kanskje andre og):De klager på innlegget til [skibum], men innlegga dykkar er stort sett fullstendig uinteressante og unødvendige dei og.
Til dømes kunne ein brukt litt meir tid, å skrive noko litt meir konstruktivt enn "forbanna post hore". Dette er ikkje på nokon måte meint som personangrep espnR, det var berre eit døme. Eg kan og forstå at du vert litt irritert, og eg deler oppfatninga av at tråden kan vere er ein måte å skaffe seg FF-poeng på. (Om det var det du meinte.)
Kjartan K:På ein måte einig, men det er ingen som tvinger deg til å lese eit innlegg, og heller ikkje svare på det. (Som du sjølv seier...)
Garfield:Kan vere einige i at folk som retter på andre sine skrivefeil kan vere irriterande, men samtidig bør ALLE anstrenge seg litt for å skrive innlegg som er iallfall bortimot korrekt norsk. Mitt inntrykk er at mange her ikkje gjer det. Dialekt og SMS-språk er ein uting på alle fora av denne storleiken, med eitt so stor breidde blant dei som besøker. Ein bør/skal skrive nynorsk eller bokmål!
Er fullstendig klar over følgjande:-Ein del vil kanskje verte provosert av dette.-Dette er heilt feil innlegg å skrive det meste av dette i, og det høyrer kanskje heime i "Om friflyt.no".
Men eg poster her likevel, fordi:-Dette forumet har mykje å hente på seriøsitet. Då seier eg ingenting om andre deler av FF-forumet, men spesifikt om Jibbing-delen, då det stort sett her eg er innom.-Eg framleis er av den oppfatning at FF-poeng ikkje har noko for seg. (Som eg sa i ein tråd i "Om ff.no" for nokre veker sidan.-Eg er litt lei av å lese innlegg som har null relevans, eller ikkje formidler nokon ting. (Ja, eg veit at eg ikkje MÅ lese dei, og langt mindre svare på dei...)-Eg har lyst til å seie dette, og eg synest dette var ein fin anledning.
Om eg er i humør i morgon tek eg meg kanskje tid til å skrive eit forslag til tillegg til forumreglane, som eg reknar med alle her har lest... Det vil eg i so fall gjere fordi eg meiner dei har nokre manglar, spesielt under punktet "Vis forumvett." (Det vil då verte posta i riktig forum eventuelt sendt via mail til FF.)
Eg seier ikkje at forumet ikkje vil "overleve" om det held fram slik det er i dag, men faktum er at mange innlegg her ikkje held mål etter nokon standard. Til dømes det fyrste svaret som kom i tråden "Ny her --> Noen spørsmål?"
Om du som skreiv det innlegget, jinnjuice, meiner at dette er personangrep, so er du i din fulle rett til å meine det. Men kan du forklare meg bakgrunnen for svaret ditt? Det er speielt slike innlegg som eg meiner ikkje høyrer heime nokon stad.
De kan sjølvsagt seie og meine kva de vil om det eg seier, men om ein del av dei som poster ein del på sida hadde brukt eit par minutt å tenkt over det eg seier, hadde det vore flott. Merk og at eg ikkje anklager alle i denne tråden, og forumet generelt. Det utan tvil mange her som er seriøse, og ikkje poster masse tull.
Då hadde eg sagt mitt for no, kritiser meg so mykje de måtte ynskje, sjølv om det strengt tatt burde skjedd i ein annan tråd. (Skal me opprette ein, for denne diskusjonen?)