Har aldri høyrd om at Pep har tatt Chad's men det kan no vere. Skulle i so fall tru det kom med på Hit List eller War.

yngves:Det heiter ikkje Chad's fordi Chad Otterstrom var den fyrste over. Namnet kjem av Chad Zurinskas, som var den fyrste som tenkte på å hoppe over, og den fyrste til å PRØVE å kome over. Det var derimot Candide som var den fyrste som kom over.

Zurinskas er ikkje kjend for stort anna enn Chad's, men han var med i Tee Time.

Og det kan hende eg tek feil, men var ikkje Travis Rice og Romain de Marchi dei fyrste som tok det på snowboard? Det var i forfjor, medan Candide hoppa over fyrste gong i 1999 (eller var det 2000?).