Om du ikkje har eit bra sykkelverkstad i nærleiken er det best å ta service på gaffelen sjølv. Det er lett.For å opne gaffelen er det ein umbrakoskru på enden av kvart gaffelbein du må skru ut (på enkelte gafler sit desse inne i gaffelen og du må då ut fjørene/stemplene for å kome til med ein laaaang nøkkel). Så er det bare å dra gaffelsliderene rett av. Nei forresten -først må du sleppe ut lufttrykket/opne ventilene på toppen/slakke fjørene/skru av "toppdekslene" slik at det skal verte lett å dra av gaffelslidene. Så er det berre å tørke alt reint. Grunnen til at det kjem møkk og fukt inn i gaffelen er at tetteringane er slitne/øydelagde, eller at du ikkje har vore flink å smøre gaffelbeina ofte nok. Kjem det fukt i gaffelen vert eigenskapane som du beskriver. Då må du byte desse. Problemet er at det kan være vanskeleg å finne gode smurnunger til gaffelben. Har prøvd fleire spesialfett utan at dei fungerer (utanom "girvin" og "slick honey" som er vanskelig å få tak i). Det eg gjer er å lage mitt eige smøremiddel og det fungerer utruleg bra. Bruker motorolje og blander i akkurat så mye kulelagerfett/vaselin til at det ikkje dryp og renn. Veit ikkje om alle gummipakninger toler motorolje, men det har aldri ført til problem for meg.Om du også velger å pille frå kvarandre innmaden i ein gass/oljedempar må du være klar over at enkelte skruer kan trenge locktite ved montering.Husk å skru saman delene i riktig rekkefølgje.Om gaffelen var god då den var ny vil den mest truleg bli minst like god etter ein service. Om du hugser å tørke gaffelbeina reine for skit og smør dei litt etter at du har vore på skitne turar vil den ikkje trenge service særleg ofte.Lukke til