Ta Myrkdalen som eksempel: Midt i ingenmannsland har dei bygd et (halvferdig) heissystem, og ein donge med hytter. Dette er slik eg har forstått det blitt big business allerede. Dette husker eg blei diskutert på ein eller anna økonomiforelesing på høgskulen, at potensialet for å gjere det samme i Hodlekve er enormt. Eg var for. Heis oppover Blåfjell og hyttelandsby i dalen. I dag er det ein strøm av skiturister fra kystområda Bergen/Florø osv som reiser til Hemsedal/Filefjell/Myrkdalen, og Hodlekve kunne glatt tatt over ein del av markedet her. Er ein ambisiøs kunne ein dratt igang ein markedsføringskampanje i Danmark. Relativt snøsikkert og rimelige prisar. Godt og viktig bidrag for lokalsamfunnet hadde det også vore. No er ikkje grunneigarar i denne delen av Sogn og Fjordane kjent for å vere så veldig samarbeidsvillige (viser til prosjekt på Hafslo/Flåm osv.), men med deira støtte kunne dette blitt stort! (Leste ein kommentar her om at hodlekve eiger "alt"?) Treng berre kapital og initiativtakarar, og det trur eg burde vere lett gjennomførbart. Dette har indre Sogn godt av!