Etter å ha venta sidan 17. sept. (med nokre purringar etterpå) fekk eg faktisk svar frå Hardrocx idag! Positivt svar til og med, frå designansvarleg i Hardrocx, han skulle ta saka vidare til dei som bestemmer meir i firmaet så no har eg håp om at det kanskje kan bli ei løysing. Kan informera om korleis det går etterkvart. Må ellers igjen berømma Sport1 som etter mi meining har gjort det som står i deira makt for å få orden på saka. Utan at eg har greie på teknikken trur eg nok at girsystemet har det vore feil på heilt sidan sykkelen var ny, kjedet "hoppa" over tannhjula når det vart brukt litt krefter for å trø rundt heilt frå sykkelen var heilt ny, etterkvart har det og oppstått andre feil. Om det er Sykkelbutikken, Shimano eller Hardrocx sin feil i utgangspunktet er umulig for meg å vita sikkert. Meiner uansett at eg har hatt krav på eit svar på mine mailar, enten at dei tek ansvar eller at dei ikkje gjer det, slik at eg evt. kan gå vidare med saka. Er blitt litt ein prinsippsak, spesiellt sidan ein trettenåring brukte alle sparekronene sine på denne sykkelen som skulle vera noko av det beste i sin prisklasse for så å ha fått ein sykkel som ikkje er brukbar i dagleg bruk! Kan som sagt koma tilbake med vidare utvikling i saka!