Onkl T:Same med Diskusjon.no, som er det nest største forumet i Noreg, bak VG. Og eg er iallfall heilt einig når det gjeld det å skrive korrekt norsk. Meiner då sjølvsagt ikkje at det er fullstendig uakseptabelt med nokre skrivefeil, men at ein ikkje skal skrive dialekt, SMS-språk o.l. Innlegg med slikt språk tek eg automatisk mindre seriøst.
Er klar over at det er ein del dyslektikarar, og andre som slit litt med rettskrivinga, og har full forståelse for det. Hadde berre vore fint om alle tenkjer seg om eit halvt minutt før dei trykker på "Lagre innlegg", og passer på at det er so rett som mogleg.