Per Magne, angåande emnetitlar:

Eg må endre litt på utsagnet mitt. Er stort sett ikkje innom andre kategoriar enn Jibbing og Annet, so resten av forumet kan eg ikkje uttale meg om. Trur kanskje eg overdriv litt òg, men eg har sett nokre som eg har reagert veldig på.

Er einig i at det kan vere vanskeleg å finne gode emnetitlar av og til, men betre enn eittordstitlar som "Hjelp" (frå Jibbing), "padling" (frå Elvepadling) og "Tryna" (frå Skader) må det gå an å få til utan for mykje jobb.

Dette gjeld forresten kun for namn på trådar, ikkje enkeltinnlegg. På dei kunne ein like godt fjerna mogelegheita for å ha ein tittel heilt. So hadde det vorte slutt på at folk byrjer ein setning i overskrifta og avslutter den i hovuddelen.

Angåande forumet, teknisk sett:

Er einig med deg at det er fint med eit enkelt forum, eg hadde vorte nøgd med dei få endringane eg nevnte i det førre innlegget mitt: Enkel tekstformatering og redigering av innlegg, pluss klikkbare linkar, som eg gløymde å nevne.

Mengda dill i andre foraer er det forresten ikkje noko problem å begrense, ved å t.d. setje grenser for storleik på avatar og lengd på signatur, samt forby bilete i signatur og animerte avatarar.

Å hindre nokon å skrive eit innlegg med enorm, raud skrift er litt vanskelegare, der må ein berre stole på at folk er litt fornuftige.