GS500 er eit bra kamera, og manuell fokus har det. Meiner det har manuell lukkar og blendar òg, forskjellen frå GS400 er at ein må inn i menyar for å finne det.

Kjøper du dette kan du bruke noko av dei pengane du sparer på eit godt stativ og kanskje ei fisheye-linse. Det er ikkje eit dårleg val.

Det er eigentleg få kamera i den prisklassen. Det er HDV-kameraa til Sony, og HCR85, oppfølgjaren til TRV80. Alle desse har touchscreen, noko eg personleg ikkje er so veldig glad i, sjølv om eg har TRV80 sjølv.

Litt over, til ca. 17500kr, finn du Canon XM2. Dette er eit semiprokamera, som kanskje er verdt å sjå på. Det er rett nok ein litt gamal modell, men framleis eit bra kamera. Linkar til eit par testar:http://www.akam.no/test/videokamera/test_av_canon_xm2/1332/1http://www.dinside.no/php/art.php?id=32859

Det er, i likskap med DVC30, ein god del større enn GS500, men har nok ein del meir manuelle kontrollar, mykje zoom (20x) og handtak, som kan vere praktisk om de skal filme followcam.