GS500 er ikkje det eg forbinder med eit semipro-kamera. DVC30, XM2, FX1, DVX100 o.l., det er semipro-kamera. GS500 er eit konsumentkamera.
Og det er meir retta mot konsumentar enn GS400 var, ettersom ein del manuelle kontrollar er flytta inn i menyar o.l. Det er grunnen til at det passer betre for folk som berre skal skru det på og trykke opptak, utan å tenkje noko meir over kva dei gjer (satt litt på spissen...).
Og forresten, med manuelle kontrollar meiner eg slik som blendar, lukkar, kvitbalanse og fokus, ikkje effektar som svart/kvitt, sepia o.l., om det var det du tenkte på. Sistnemnte er klart betre å gjere på PC, men det andre går ut på å få so gode opptak som mogeleg i ein kvar sistuasjon. Ofte kan det vere hensiktsmessig å ikkje bruke full auto.
Forskjellen i 16:9-opptak veit eg ingenting om, men eg veit at GS500 har ein LCD-skjerm som er i 16:9, og at det er 16:9 som er standard opptaksmodus. Lurer på om widescreen på GS400 vart vist strekt i høgda på skjermen, so slik sett er GS500 betre. Men at det har ekte 16:9 tviler eg på...