Må støtte PimpMyspin her. Det må vere lov å kome med begrunna kritikk utan å få slike tilbakemeldingar. musikken er ein smakssak, og det vil det alltid vere. Folk likar forskjellig musikk. (Det er forøvrig ikkje akkurat fyrste gong Abba vert brukt i ein skifilm heller, so nytt er det ikkje.)

No har ikkje eg vore inne på Zehfamily.com, men eg er einig i at Skifilm.net ikkje er den flottaste sida eg har sett. No er ikkje sida det viktigaste, men det er no kjekt å ha ei bra side òg.

Til traileren, som eg ikkje har kommentert:Likte den ikkje so veldig godt fyrste gong eg såg den eg heller, og det av fleire grunnar. For det fyrste er teksten til tider vanskeleg å lese (gjeld ikkje berre denne traileren når eg tenkjer meg om). Greit at det er den stilen de har valt, men det fungerer ikkje so veldig bra. I tillegg synst eg ikkje klippinga var so veldig bra (for mange klipp, for mange korte klipp), og at den var for lang, rett og slett.

Og berre for å framheve det, før Sigbjørn skjeller ut meg og: Dette er mine personlege meiningar. Kven som helst kan meine noko anna, men ein kan ikkje seie at det eine er rett og det andre er gale.