Det var ein del snakk om at dei skulle kjøpe ein del nye railar i fjor, men det vart aldri noko av. Får sjå om det skjer i år i staden. Frå før har dei sju railar.
Parken vart forøvrig betre utover sesongen sist vinter. Til å byrje med var alle railane ganske høge, og det vert alltid is i landinga på nokon av dei, men det kom meir snø, pluss at det vart måkt opp litt på nokre. Hoppa var litt varierande, alt etter forholda, men dei fungerte.
Når det kjem snø er det alltid kjekt, sjølv om det byrjar å verte litt mykje skog nokre stader.