Nokre kommentarar på Newschoolers peiker på at cab som switch unnatural er mest eit europeisk fenomen, medan det i statene verte mest brukt i staden for switch. Om dette stemmer veit eg ikkje, men at cab vert mykje brukt i staden for switch er det ikkje tvil om. T.d. i ei utgåve av Freeskier stod det som bilettekst til ein sekvens av Rory Bushfield som tok ein switch rightside (unnatural for han) cork 5 "cab unnatural cork 540".