Switch 10 er det fremste konkurransetrikset i dag, noko som er grunnen til at det vert so mykje gjort. vert gjort mykje switch 10 i dagens konkurransar, fordi ein får mykje poeng for det. Til dømes: Både i Winterjam no i Stockholm og i X-games sist vinter var dei tre øvste plassane switch 10.

At Håtveit tek med tailgrab er sikkert berre det at han har roen på det, so han kan konsekvent gjere det bra, noko som er viktig i konkurransar der ein ikkje har so mange forsøk.

I filmar kan ein -- og må ein -- ha ein stor variasjon av triks, men i konkurransar er det viktig å ha (minst) eitt triks med høg vanskegrad og som gjev god utteljing hjå dommarane, som ein er heilt trygg på. Same som Tanner Hall for ein del år sidan, som vann det meste av konkurransar eit år med switch rodeo 720 tail.