Eg er fullt klar over at reklame er eit nødvendig «onde», og eg fjerna nyleg blokkeringa av alle reklamane her, fordi eg faktisk fekk litt dårleg samvit.

Men, det som vert klaga på her er korkje innhaldet i reklamane eller at det er reklame her -- det er forma til reklamen. Store, blinkande flash-reklamar er, for meg iallfall, hovudgrunnen til irritasjon.

Eit skrekkeksempel er reklamane for Megapark, som eg reknar med de er iallfall delvis ansvarleg for sjølv; ein stor, rosa boks med blinkande tekst og ein roterande skikøyrar. Dropp animasjonar og blinkande tekst, so vert det straks meir behageleg å vere på sida.