Vil ikkje garantere noko som helst. men generelt sett blir ikkje ting mykje svekka av å berre ligge mørkt og i romtemperatur. Og at tauet toler berre ti fall? tja og ja. Det er vel dette enkelte produsentar anbefalar, men at det toler mykje meir er det liten tvil om.

Ein merkar når eit tau er slitt. Spesielt slipper strømpa frå¨kjernen og generelt sett vert strømpa flisete og fæl.

Det du skal vere kritisk til er utstyr som jo selvfølgelig er mykje brukt, men også ver obs på dette med sollys. Det svekkar webbing og stoff veldig.

Når det gjeld kortslynger holder tjukke nylonslynger "evig" medan dersom du har tynne dynemaslynger må du vere meir kritisk då desse toler mykje mindre.

Og som det vert nevnt her er det til sjuande og sist opp til din sunne fornuft og samvittighet for kva du vil "utsette" deg sjølv og din taukammerat for smile