Har litt trua på at i buldring er det ikkje utholdenhet det står på, men heller max styrke. har difor gått vekk frå å stå i planke osv. Dette er og statiske øvingar, og når eg buldrar heng iallefall eg sjeldan stille wink

Har fått vist og forklart øvingar i bom som har hjelpt meg veldig bra. Henge med overtak og heve beina opp over bommen (sparke frammover)Samme som over men skrå ut beina til annankvar side

Vanskelig å forklare eigentleg.. ;)Eg er ute etter max styrke opp i mot buldringa, samt at eg ikkje øsnker å bygge volum(vekt) Eg køyrer difor aldri meir enn 8 reps. klarar eg fleire, må øvinga gjerast tyngre ved feks å legge til vekter på beina osv

Så kanskje det viktigaste meiner eg, som du kanskje er klar over. Fingerskadar er noko ein er utsett for om ein buldrar. Ein vert også ganske fort sterk, og det er veldig viktig at senene i fingrane (ringbanda) får tid til å bli sterkare også. Dette går mykje seinare enn med muskelstyrken. Ta tida til hjelp, ikkje peis på med fingerbrett med ein gang og unngå alt for masse blodkrimping. Kjør tofingertak med peike og langfinger der det er mogleg. bruk open krimp om du kan og definer deg nokre tunge sloper problem du kan jobbe med også. Lytt til skrotten, den seier i frå om du overbelastar den, då må du endre/redusere treninga.