Hemsedal: Skadeverk 1: Politiet melder at ein gjeng gutar bortimot knuste ein bil ved ei hytte i Hemsedal. Saka er meldt. Skadeverk 2: Politiet fekk også melding frå ein leigetakar i Hemsedal om at inventaret i leilegheita var knust. Trøbbel1: Ein gjest slo seg vrang på Hemsen nattklubb ved to-tida på natta. Han vart sett i arrest. Trøbbel2: Samtidig vart ein gjest lagt i jern på Loftet for å ha slått seg vrang. Trøbbel3: Seinare vart det meldt om eit masseslagsmål i same område, men dette roa seg raskt. Trøbbel4: Omtrent samtidig vart ein annan person sett i arresten for bråk i ei leilegheit. Trøbbel 5: Etter klokka fire vart det ein del uro i Hemsedal med mindre valdsepisodar. Det var spesielt uroleg utanfor taxisentralen. Trøbbel 6: Ein person opplyste til politiet at han var slått ned av ein person som hoppa ut av ein bil og forsvann. Trafikk 1: Ut på natta vart ein person påkøyrd på Holdeskarvegen i ein sving ved Veslestølen. Det oppstod ingen personskade, og politiet har ikkje mistanke om promille.Trafikk 2: Ein uregistrert MC-crossar køyrde frå politiet. Føraren hadde med raud hjelm og kvit jakke.

>Får håpe de setter opp aldersgrensen betraktelig etter alt som har skjedd. Dalen skal IKKE bli stedet der kidsa kan herje fritt!!! Helt enig, SEND DEM TIL GEILO ISTEDENFOR!!!